| «Russlandsdagar» i Oslo |
|
|
|
|
|
Med førelesingar, seminar, lynkurs i russisk og ikkje minst borsj på kafemenyen kan du denne veka fordjupe deg i russisk samtidslitteratur.
I samband med arrangementsserien, som går føre seg fra 23 – 28 april, blir Litteraturhuset gjesta av fleire russiske forfattarar, mellom anna Musa Mutaev, Mikhail Sjisjkin og Ljudmila Petrusjevskaja, som skal fortelje om nye utgjevingar og vere med å diskutere russisk samtidslitteratur.
I tillegg held russisklektor Knut Skrindo lynkurs i russisk kvar dag i Kafe Oslo, tilknytta litteraturhuset.
Det er foreininga Petrusjka som står bak «Russlandsdagar» og alle arrangementa er gratis.
Les meir om arrangementet på Petrusjka sine heimesider og last ned fullstendig program i .pdf-format her.
|
|
Место : Oslo, Wergelandsveien 29 |
| http://www.norvegia.ru/Norsk/events/Russlandsdager-i-Oslo-/ |
Назад
|